onsdag 31. august 2011

Månedans, Lofoten


 Etter Pan gjekk me Månedans. Ei Lofoten topp 50-rute på Festvågveggen... Ymse klatring... noko fint og noko ikkje fint. Men siste taulengda var jamt fin.
 Sigbjørn: "Sjå no, detta e tøft!"
 "Yeeah! Dobbelcatch!"
 Sigbjørn på siste lengda
 "ta bilde no!"

Pan, Lofoten

 Eg og Sigbjørn gjekk til Geitvika like ved Henningsvær, her klatra me ei fin rute: Pan, 4 taulengder, grad 7-. Fin utsikt til Henningsvær frå 1. standplass.
Sigbjørn på cruxlengda
 Eg følgde etter... Sigbjørn tok bilete
 På toppen av Pan, med utsikt mot Henningsvær

mandag 29. august 2011

Eggum i regnver

Skodda låg tjukk,
og regnet hølja ned,
men innunder klippa på Eggum er det "alltid tørt." Det regna kanskje ikkje inn, men tørt var det iallfall ikkje.
 
Trass i dei sleipe forholda fekk me klatra ein del og gått kvar vår rute. Sigbjørn gjekk "Commando", ei bratt  linje med stilige formasjonar. Sjølv gjekk eg "Lille vakre Anna", ei kort og fin rute med artige flytt.

søndag 28. august 2011

Ørneryggen på Glåmtind


 Sigbjørn er sjølvutnemnd guide og viser veg til Ørneryggen på Glåmtind, 5+... 
"Der ska me!"
 ...men med varierande hell. "Hm, nei..."
 Lese litt meir i boka...
 ....Mr. Guide to be er fortsatt ikkje heilt sikker...
 Sidan eg er jente, så fekk eg ikkje lov til å finne ut kvar me skulle :-p Så eg fordreiv tida med å sjå litt på utsikta mot Nordfjellet.
Sigbjørn fann omsider ut at me skulle starte på baksida av Glåmtinden.
  Sigbjørn snart på 2. standplass
 Aiaiai! Herr Guide har tauet bak foten, 
 Sigbjørn på veg mot toppen, siste taulengd
 Skodda kom sigande etterkvart, her med utsikt mot Rørvikvatnet.
 Sigbjørn tok ein eigen variant av siste taulengd, som han så passande kalla for "Sofan"
På toppen, i skodda. Fin tur, med mykje forskjellig klatring.

lørdag 27. august 2011

Djupfjordsprikkan og Huggormen

 
 "Sjå ko fint hjelmen min matcha dei fine fargane på trea, du berre må ta bilde" sa Sigbjørn, og eg gjorde som han sa.
 Sigbjørn på toppen Djupfjordsprikkan, som han gjekk på blikk. Eit bratt, fint og reint riss grad 7-. 
Sigbjørn på god veg opp Huggormen på Pianokrakken. "Eg fatta ikkje at denna e 8-!" sa mr. nonchalant og fortsatte til toppen. Ei artig rute med fin klatring.

torsdag 25. august 2011

Evig fine Bare Blåbær

 Nok ein gong: Den fine utsikta frå Bare Blåbær, utsikt ut Djupfjorden og vidare utover mot vestlege delar av Lofoten.
 Føringstur med kurs fullt av svenskar...
 Svenske Fredrik fekk tilnamnet "Bergkramaren"
 Gjengen
Femte taulengd, nydeleg fingerriss

lørdag 20. august 2011

Vegleiarkurs i klatring, Lofoten

Mykje tau og vas med 5 stk i taulaget.... Skjur berre let at augo medan Maia orgar...
Mr. Sjur Hauge 
Den andre taulaggjengen: Jonas, Håvard, Ellinor, Andrea og den andre danske Jonas
Andreas på fyrste taulengd
Andreas demonstrerar kurs-rapell, Torbjørn Falkeblikk observerar

onsdag 17. august 2011

Sognebesøk på Svolværgeita

Ida og Marthe på fyrste standplass på 1910-ruta, Svolværgeita
Ida rundar hjørnet på veg mot 2. standplass
Marthe rundar det same hjørnet
Etter Svolværgeita gjekk turen mot Henningsvær, nærare bestemt Pianokrakken
...med fin utsikt og kveldssol
Marthe og Ida ledar sjølve opp Pianohandler Lunds rute. Ein ekte Lofotenklassikar! :-)

tirsdag 9. august 2011

Ninjarisset

 Andreas sikrar...
 ...og eg ser på utsikta...
 medan Scott klatrar Ninjarisset, 1 taulengd, grad 7. Eit reint og bratt riss ved Kabelvåg
 Scott: Fyrste forsøk endte med fall og kjøttsår på peikefingen....
Hurtigruta passerar
.... men det gjekk til slutt!