tirsdag 31. mai 2011

Småkallantraversen

 Arild Meyer leier an turen. Småkallantraversen opp til høgre i biletet.
 Nok ein strabasiøs "Meyer-anmarsj"
 Lunsj ved innsteget. Utsikt austover
 Kultur
 Jørgen ser på og drøymer om Storpillaren
 Håvard støtar på svaet
 Los mafiosos: Marthe, Turid, Arild og Anders
 Los stupidos: Eg og Jørgen
 Ellinor
 Tilbakeblikk på ruta
 Håvard, Ellinor og Halstein nærmar seg , berre litt nedover før siste oppoverbakke...
Anders og Arild på toppen. Marthe og Turid på siste lengd mot toppen. Skikkeleg svaklatring med stive støvlar og håplause sikringsmoglegheiter

mandag 30. mai 2011

Lofotosafari

Ein kveld med fint ver og ikkje så mykje på programmet: perfekt for fisking og fotosafari i Henningsvær

Jørgen



 Turid og Jørgen




Eit heilhjarta forsøk: Kvandalstind

Etter ein strabasiøs anmarsj i fjøresteinane på glatte steinar og svaberg kom me til ei koseleg bukt, med ein gamal gard og ein ca like gamal mann.
Men anmarsjen var langt ifrå unnagjort.... 400 høgdemeter med buskbaksing...
...og snørennetrasking...
heilt til me kom hit.... Til eit høgt opptak som ikkje eingang Kamikaze-Meyer fekk has på.
Kva sa Arild Meyer eigentleg til Turid???
Turen nedatt snørenna var raskt unnagjort!
Henningsvær i sikte, men framleis eit par timar med busk- og fjøresteinvandring att.

søndag 29. mai 2011

Pianohandler Lunds drøm

 Nok ein klassikar og topp-50rute måtte kryssast av i boka. Pianohandler Lunds rute på Pianokrakken like ved Henningsvær. Eg og Turid: stas på standplass
 Turid toppar ut. Nøgd med ruta.
 Jørgen følgde hakk i hæl.
Joda, nøgd han og, og eg.

lørdag 28. mai 2011

Svolværgeita - 1910ruta

 Eit besøk på Svolværgeita er som obligatorisk å rekne. Turid studerar føraren
 Me bestemte oss for 1910-ruta, kortaste veg mot toppen, i håp om å rekke opp og ned innan dei faretruande skyene byrja å sleppe regn...
 Utsikt frå innsteget
 Utsikt mot Svolvær by frå toppen
 J fiksar rapell mellom horna.
 Horna
 Svolværgeita
Ja, det liknar litt på ei geit

fredag 27. mai 2011

Lundeklubben

På dagen hadde me intro i den flotte formen for klatring: korttauing. Du tek med deg venen din på tur, og går med eit kort tau mellom dykk. Nokon gongar berre leiar du han bak deg, slik som Håvard og Jonas. Udiskutabelt den tryggaste forma for klatring.... Andre gonger puttar du inn ein sikring eller to, latar som du har satt ein standplass, ropar til venen at du har satt standplass og dreg den heldige venen opp. Eller som Arilt Meyer kallar det så fint: "Drømmestandplass! Du må bærre drøm at den e dær, for det e ikkje sjans å få sætt nån skikkeli standplass."
Ellinor som min trygge guide.
Etter leiing og korttauing i ei steinrøys var det på tide med litt "skikkeleg" klatring. Ellinor gjer seg klar for å gå Lundeklubben på Store Festvågveggen. (Med utsikt til Henningsvær i bakgrunnen, sjølvsagt)
Ellinor på 2. taulengd av Lundeklubben
Meir utsikt til Henningsvær
Kjempefin rissklatring. Godkjent topp50-kandidat :-)
Nøgde
Dagen vart sjølvsagt avslutta slik som seg hør og bør: med ein skikkeleg kladeis av ei sjokoladekake, til ære for Halstein som hadde bursdag ein litt annan dag... :-)

onsdag 25. mai 2011

Kameratredning og skremming

 Stein Tronstad på besøk, leiar for tryggleik i Norges klatreforbund... Han skildrar seg sjølv som "Norges reddeste klatrer!" I tillegg til gode tryggleikstips hadde Stein maaange skumle og skremmande ulukkeshistoriar.
 Fragleberget på Kalle
Turid reddar Jørgen