onsdag 15. juni 2011

Ypperstepresten på Presten

Eg og Turid på ein siste langtur før heimreise: Me gjekk Ypperstepresten, ei rute på Presten som er 6 taulengder og 220 høgdemeter.

Turid gjer seg klar
Ein liten kikk i føraren før me går vidare på 2. taulengd
Nøgde! Fint klatrever og akkurat passeleg temperatur
Nok ein kikk i føraren. 
Standplass... og pause frå klatresko for såre føter.

Det kan jo nemnast til slutt at turen som starta så bra og så lett endte opp med rapelltrøbbel... Skulle rappelere ned at dei 220 metrane me hadde klatra opp. Tauet sette seg, sjølvsagt, fast på 2. rapell. Vår dårlege rapellkarma vart stadfesta nok ein gong. Måtte klatre opp for å få laus tauet.... Då alt endeleg var klart for å rapellere vidare nedover att var tissetrangen svært stor.... Jentetissing med klatresele er ikkje så enkelt, men så lenge ein ikkje er flau for å vise alle trafikantane på veg ut til Henningsvær ei bleik sognerompe, går det meste greit...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar