fredag 27. mai 2011

Lundeklubben

På dagen hadde me intro i den flotte formen for klatring: korttauing. Du tek med deg venen din på tur, og går med eit kort tau mellom dykk. Nokon gongar berre leiar du han bak deg, slik som Håvard og Jonas. Udiskutabelt den tryggaste forma for klatring.... Andre gonger puttar du inn ein sikring eller to, latar som du har satt ein standplass, ropar til venen at du har satt standplass og dreg den heldige venen opp. Eller som Arilt Meyer kallar det så fint: "Drømmestandplass! Du må bærre drøm at den e dær, for det e ikkje sjans å få sætt nån skikkeli standplass."
Ellinor som min trygge guide.
Etter leiing og korttauing i ei steinrøys var det på tide med litt "skikkeleg" klatring. Ellinor gjer seg klar for å gå Lundeklubben på Store Festvågveggen. (Med utsikt til Henningsvær i bakgrunnen, sjølvsagt)
Ellinor på 2. taulengd av Lundeklubben
Meir utsikt til Henningsvær
Kjempefin rissklatring. Godkjent topp50-kandidat :-)
Nøgde
Dagen vart sjølvsagt avslutta slik som seg hør og bør: med ein skikkeleg kladeis av ei sjokoladekake, til ære for Halstein som hadde bursdag ein litt annan dag... :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar