torsdag 10. januar 2013

Skare i mitt hjerte! Grånipa, Sogndalsdalen

 Marit på toppen av Grånipa
 Kristina og Nansen, og dei nye skia til Marit. Nydeleg kaldt ver, og fantastisk skare... men med finfin styresnø oppå dei øvste 300 høgdemetrane.
 Nyter dei siste solstrålane før retur nedatt til skuggeland

tirsdag 18. desember 2012

Isklatring i Haukåsgjelet, Jostedalen

Opprinneleg plan... Men her var det skikkeleg orgelpipestemning. Og sidan me er skikkeleg lure folk, reiste me ein annan stad.
 ... Haukåsgjelet! Fin og moderat klatring over 3 taulengder. Kunne vore litt meir is nokre stader, men stort sett fint! Jostein gøymer seg inni ei grotte isen.
 Marit susar oppe tredje taulengda.

mandag 10. desember 2012

Kaldt/heitt is/stein og litt for lite mose i Hemsedal

 Siluetten og litt deromrkring.... på Skogshorn tidleg i desember ein dag
 Ken Eivind
 Turida 

søndag 9. desember 2012

Alle ekte bloggar har eit kakeinnlegg

Alle bloggarar utan respekt for seg sjølv skriv om kakebaking...


 DIY robotkake: farge + snop = ferdig!
Det er nok sjeldan bloggverdi ser kaker av dette kaliberet...

fredag 30. november 2012

Is og krimskrams i Øvredalen, Hemsedal

 Ken Eivind er klar for tur. Vaken og smilande blid, trass i ukristeleg tidleg avreise frå Sogn og ein drøy time med anmarsj.
 Kenny hamrar laus på fyrste lengda. Øvredalsbratta. 2 taulengder. WI3/M3
 Ikkje så aller verst på standplass heller. Nydeleg dag med sol (og mange, mange kalde grader...)
Anmarsjen var lang og fyrste ruta var kort. Så me måtte gå ei til. Øvredalsrenna. Ikkje like mykje fin is i denne, men den frosne mosen var finfin! Men mykje flott laussnø :-p 3 taulengder, grad M3.

torsdag 15. november 2012

Mix and match på Skurvefjell, Hemsedal

 Sola er på veg opp, skare er forsert og det ligg an til å bli ein bra dag på tur
Skurvefjell: Pastorale 1.sats
Dei to fyrste taulengdene gjekk lett og fort opp nokre snøflankar, så det vart tid til overs for å studere resten av ruta nøye....
 Jostein på veg opp siste taulengd
Perfekt timing: Retur og utmarsj før det vart mørkt (tidenes panserskare gav skia ukontrollerbar rakettfart) 

onsdag 10. oktober 2012

Kroatia: haustklatreferie


 
Omis, ein herleg liten landsby med trange gater og god kaffi. 
Lunsjing ved craget Planovo
 Omis. Nina klatrar Mucka på Planovo.
 Marjan, eit sørvent og utruleg fint felt rett ved Split by. Litt for varmt i steikande sol midt på dagen, men mykje kvalitetsklatring!
 Nina gjer det ho likar best; kaminklatring! Ekspedicijski kamin
 Utsikt frå Marjan
 Gamlebyen i Split
 Split
 Gamlebyen i Split
 Omis, nok ein gong. Utruleg mykje fin og variert klatring i Omis, mange artige formasjonar. Her på feltet Babina Bara, på "Me too heike"
 Omis, Babina Bara. Ragnhild toppar ut.
Kviledag med tur til Mostar i Bosnia. Ein by som vart herja under krigen. 
Det var verdt turen: menn i speedo overalt!
 Mostar
 Nybyen i Mostar
 Gamlebyen i Mostar
 Gamlebyen i Mostar
 Mostar
 Malacka, eit lite felt ovanfor Split. Få og korte ruter, men fin klatring. Eit par ruter kan by på artig riss- og flakklatring! 
 Utsikt til Split og Marjan frå Malacka. 
 Endå ein tur til Marjan. Definitivt favorittfeltet!
Ragnhild viser musklar på "Anya"
 Brac, ei øy ein times ferjetur utanfor Split.
Her på feltet Kolac. Artige formasjonar, tiltrekkande form... men skummelt! Det fyrste som møtte oss var eit skilt med "Do not climb on the rock"... men i føraren stod det at feltet nyleg var etablert, så me tenkte at det var ok... Heilt til me starta å klatre! Mykje laus stein, rusta boltar og interessante heimelaga boltar og hengarar.... Me var ikkje her så lenge!
 Reiste til Kurba, også på Brac, i staden. Eit lite og bratt felt med OK fine ruter, og iallfall 1 kaktus for mykje.
 Nina klatrar på Kurba.

Ragnhild Kroatia-persar på Kurba.
Nina
Nina og Ragnhild