fredag 30. november 2012

Is og krimskrams i Øvredalen, Hemsedal

 Ken Eivind er klar for tur. Vaken og smilande blid, trass i ukristeleg tidleg avreise frå Sogn og ein drøy time med anmarsj.
 Kenny hamrar laus på fyrste lengda. Øvredalsbratta. 2 taulengder. WI3/M3
 Ikkje så aller verst på standplass heller. Nydeleg dag med sol (og mange, mange kalde grader...)
Anmarsjen var lang og fyrste ruta var kort. Så me måtte gå ei til. Øvredalsrenna. Ikkje like mykje fin is i denne, men den frosne mosen var finfin! Men mykje flott laussnø :-p 3 taulengder, grad M3.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar