fredag 30. november 2012

Is og krimskrams i Øvredalen, Hemsedal

 Ken Eivind er klar for tur. Vaken og smilande blid, trass i ukristeleg tidleg avreise frå Sogn og ein drøy time med anmarsj.
 Kenny hamrar laus på fyrste lengda. Øvredalsbratta. 2 taulengder. WI3/M3
 Ikkje så aller verst på standplass heller. Nydeleg dag med sol (og mange, mange kalde grader...)
Anmarsjen var lang og fyrste ruta var kort. Så me måtte gå ei til. Øvredalsrenna. Ikkje like mykje fin is i denne, men den frosne mosen var finfin! Men mykje flott laussnø :-p 3 taulengder, grad M3.

torsdag 15. november 2012

Mix and match på Skurvefjell, Hemsedal

 Sola er på veg opp, skare er forsert og det ligg an til å bli ein bra dag på tur
Skurvefjell: Pastorale 1.sats
Dei to fyrste taulengdene gjekk lett og fort opp nokre snøflankar, så det vart tid til overs for å studere resten av ruta nøye....
 Jostein på veg opp siste taulengd
Perfekt timing: Retur og utmarsj før det vart mørkt (tidenes panserskare gav skia ukontrollerbar rakettfart)