torsdag 15. september 2011
fredag 2. september 2011
Heim frå Lofoten...
Etter eit laaangt opphald, er det på tide å leggje ut nokre bilete att...
Desse bileta vart tekne på veg heim frå Lofoten i september 2011.
torsdag 1. september 2011
Siste klatredag i Lofoten
Siste dag i Lofoten, for denne gong... Eg og Sigbjørn klatra 2 ruter på Gandalfveggen før eg måtte setje meg i bilen og køyre heimover. Her er eg på 2. taulengd på "Krympefesten" 6+
Eg på tredje og siste taulengd på krympefesten
Etterpå gjekk me "Førstereisgutt" 7-. Her er Sigbjørn på 1. lengda. Dei to siste lengdene var ikkje like fine.
Siste utsikt til Henningsvær for denne gongen... Hadetbra
onsdag 31. august 2011
Månedans, Lofoten
Etter Pan gjekk me Månedans. Ei Lofoten topp 50-rute på Festvågveggen... Ymse klatring... noko fint og noko ikkje fint. Men siste taulengda var jamt fin.
Sigbjørn: "Sjå no, detta e tøft!"
"Yeeah! Dobbelcatch!"
Sigbjørn på siste lengda
"ta bilde no!"
Pan, Lofoten
Eg og Sigbjørn gjekk til Geitvika like ved Henningsvær, her klatra me ei fin rute: Pan, 4 taulengder, grad 7-. Fin utsikt til Henningsvær frå 1. standplass.
Sigbjørn på cruxlengda
Eg følgde etter... Sigbjørn tok bilete
På toppen av Pan, med utsikt mot Henningsvær
mandag 29. august 2011
Eggum i regnver
Skodda låg tjukk,
og regnet hølja ned,
men innunder klippa på Eggum er det "alltid tørt." Det regna kanskje ikkje inn, men tørt var det iallfall ikkje.
Trass i dei sleipe forholda fekk me klatra ein del og gått kvar vår rute. Sigbjørn gjekk "Commando", ei bratt linje med stilige formasjonar. Sjølv gjekk eg "Lille vakre Anna", ei kort og fin rute med artige flytt.
søndag 28. august 2011
Ørneryggen på Glåmtind
Sigbjørn er sjølvutnemnd guide og viser veg til Ørneryggen på Glåmtind, 5+...
"Der ska me!"
...men med varierande hell. "Hm, nei..."
Lese litt meir i boka...
....Mr. Guide to be er fortsatt ikkje heilt sikker...
Sidan eg er jente, så fekk eg ikkje lov til å finne ut kvar me skulle :-p Så eg fordreiv tida med å sjå litt på utsikta mot Nordfjellet.
Sigbjørn fann omsider ut at me skulle starte på baksida av Glåmtinden.
Sigbjørn snart på 2. standplass
Aiaiai! Herr Guide har tauet bak foten,
Sigbjørn på veg mot toppen, siste taulengd
Skodda kom sigande etterkvart, her med utsikt mot Rørvikvatnet.
Sigbjørn tok ein eigen variant av siste taulengd, som han så passande kalla for "Sofan"
På toppen, i skodda. Fin tur, med mykje forskjellig klatring.
lørdag 27. august 2011
Djupfjordsprikkan og Huggormen
"Sjå ko fint hjelmen min matcha dei fine fargane på trea, du berre må ta bilde" sa Sigbjørn, og eg gjorde som han sa.
Sigbjørn på toppen Djupfjordsprikkan, som han gjekk på blikk. Eit bratt, fint og reint riss grad 7-.
Sigbjørn på god veg opp Huggormen på Pianokrakken. "Eg fatta ikkje at denna e 8-!" sa mr. nonchalant og fortsatte til toppen. Ei artig rute med fin klatring.
torsdag 25. august 2011
Evig fine Bare Blåbær
Nok ein gong: Den fine utsikta frå Bare Blåbær, utsikt ut Djupfjorden og vidare utover mot vestlege delar av Lofoten.
Føringstur med kurs fullt av svenskar...
Svenske Fredrik fekk tilnamnet "Bergkramaren"
Gjengen
Femte taulengd, nydeleg fingerriss
lørdag 20. august 2011
Vegleiarkurs i klatring, Lofoten
Mykje tau og vas med 5 stk i taulaget.... Skjur berre let at augo medan Maia orgar...
Mr. Sjur Hauge
Den andre taulaggjengen: Jonas, Håvard, Ellinor, Andrea og den andre danske Jonas
Andreas på fyrste taulengd
Andreas demonstrerar kurs-rapell, Torbjørn Falkeblikk observerar
Abonner på:
Innlegg (Atom)

















































