mandag 4. oktober 2010

Buldring i Fontainebleau

No var det min tur til å ta hand om ein stakkars masterstudent med oksygenmangel, eg og Mari reiste difor på buldretur til Frankrike i slutten av september.

Med ei campingvogn... 
  i landlege franske omgjevnadar...
 ein førar for området...
 kalk, kost...
  og merka buldreruter låg alt til rette for ei bra veke med buldring i Fontainebleau - ein liten by i ein stor skog ca 1 time søraust for Paris.
  Army-Mari og Crash paden 
Le Chien - området me var mest i. Store steinar låg i mjukt sandunderlag.
Mari
Steinfjes
Smilefjes
Mari på ein artig travers
  Eg
Fontainebleau. Ein koseleg landleg by, med tronge gater og bakeri på kvart eit hjørne.
 
  Milly la Foret. Ein liten landsby med god ettermiddagskaffi, og trivelege franskmenn som hjalp til med gratis parkering. 
Mari er klar for ny økt
 
Eg
  Pause, igjenn.
   Pauseaktivitet
  Slitne klatreføter
Love


torsdag 23. september 2010

Det gode byråkratliv

21. - 23. september 2010  
  Tur til Lofoten med Statens vegvesen. Ei nettverkssamling for å bli kjent med kollegaar i Region Vest og sjå på vegprosjekt. Lofast og turistvegen ut til Å var hovudfokus.
Herskapleg overnatting på Strandtorgholmen fyrste natta. 

 Kunstprosjekt langs Lofast - ein stor spegel som speglar Lofotfjella...
 ... og ivrige synfarar.
 
Fint også utan spegel..
 Me var heldige med veret - blå himmel og blikkstilt vatn.
 Utsikt frå borga på den vesle staden Eggum.
 Andre kvelden vart me innlosjert i rorbuer i Nusfjord. Ein veldig liten plass, inst i ein liten fjordarm. Dessverre heiter det ikkje Nusfjord fordi det er lite og søtt og fint osb. Men fordi det opprinneleg heitte Knutsfjord. Fullmånen og stemninga gjer at eg likevel går for den fyrste forklaringa.
 Fasilitetane i Nusfjord.
 Klimaforandringar?
 
Den siste dagen køyrde me så langt vegen går, ut til Å. 
Kultur og natur 
 Rambergstranda
 Rambergstranda 
Rambergstranda

mandag 20. september 2010

Nok ein fin dag på jobb

 Synfaring på Filefjell med drivsnøekspert. Byggeleiar S. Brude med den fine hua sjekkar høgde på vegen...
Det vart sein kveld før me var ferdige. Solnedgangen gav fine fargar, og viste fjellet frå si finaste side.

fredag 17. september 2010

Ein fin dag på jobb


 Synfaring langs Veitastrondsvatnet
Utsikt mot breen frå Veitastrondsvatnet

Imponerande klåre fargar på Veitastrondsvatnet
Tonje fekk grundig innføring i dei om lag 1300 forskjellige stadnamna. Kvar ein knaus og hammar langs vatnet var namngitt.

søndag 5. september 2010

lørdag 4. september 2010

Molden og Marifjøra

Svarthiller, 800 moh, berre ei kneik att til toppen - Molden 1116 moh
Hans Kristian og Henrik
Henrik
Hurrungane, sett frå toppen av Molden
Lesk i Marifjøra etter endt tur
Hans Kristian feirar sykkelturen nedatt til Marifjøra på Tørvis. Vann er tingen!