søndag 20. februar 2011

Ferien tek ei ny vending: nordover!

Turid og eg har sett kursen mot Lofoten, nærare bestemt Henningsvær. Etter planen skal me vera her meir eller mindre fram til sommaren.

Fyrste etappe gjekk frå Sogndal til Høylandet i Nord-Trøndelag. Avreise laurdag kl 0800, om lag 12 timar køyring. Det dårlegaste veret hadde me i ein tunnel (!) på veg opp på Strynefjellet. På Høylandet vart me innlosjert i bondromantikkheimen til Jo Arne og Hilde. 

 Dag 2: Eit tydeleg teikn på at me nærmar oss målet.
 Reinsdyr på Saltfjellet, eksotisk for to søringar på tur.
 Stadig nærmare målet, susar over saltfjellet og passerar polarsirkelen...
 ...men framleis eit stykkje att ja.. 
Det høyrer med til historia at me kom oss trygt fram :-p

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar